Naboar kring den industritunge Vikabukta ved inngangen til Stryn sentrum, har klaga på utfylling av dette området tidlegare. No har dei igjen henvendt seg til kommunen i høve reguleringsendringane av dette området.

Det er alt vedtatt at området skal fyllast ut ytterlegare for å gi meir plass til næringverksemnd.

– Stryn kommune sitt hovudmål er vekst basert på bulyst og næringsutvikling. Det å legge til rette for både bulyst og næringslivet ser vi i dette tilfellet som særs utfordrande. Ingen ønskjer å få eit industriområde rett utanfor døra, seier Wenche Nesje.

Nabolaget ho er ein del av har gitt innspel om dette til både Stryn kommune, Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Aaland Ark.kontor og NSM Bygginvest. Ekteparet på garden Vik har og gitt uttrykk for at Vikalbukta ikkje toler meir industri.

– Øydelegg både trivsel og naturmangfald

– Vi har vore tydelege på at vi ikkje ønskjer ei vidare utfylling av Vikaleirane, seier Nesje som er talsperson på vegner av seg sjølv og naboane sine. Naboane meiner og at ei utfylling øydelegg naturmangfaldet i brakkvassområdet i Vikabukta.

– Industrien forringar heile buområdet. Det blir mindre attraktivt å bu her, seier Nesje. Ho legg til at ho har forsøkt å selje bustaden to gongar utan hell.

– Tilbakemeldingane frå interesserte kjøparar var uvissa kring støynivået, seier ho.

Fryktar enda meir støy

Naboane fortel Fjordingen at støy allereie er eit problem og dei fryktar at meir industri vil føre til enda meir støyplager.

Fryktar meir støy Wenche Nesje og nabo Martin Berstad er slett ikkje nøgd med at Vikaleirane skal byggjast ut yttaligare for meir industri. Dei krev at utbyggjar set opp støyskjermar. Foto: Roger Oldeide

– Utbygginga vil føre til auke både av trafikk og støynivå som påverkar livskvaliteten for oss som bur i området. Det er kommunen si plikt til å ta ansvar for at utbyggjarane gjer alt dei kan for å utføre skjermingsløysingar som reduserer både støy og støv, forklarar Berstad.

Oppgitt – Eg har vore imot utfylling av dette området heile tida. Nok er nok, seier Anders Magne Vik som har budd lengst i dette området. Foto: Roger Oldeide

– Det burde og vere eit felles mål at ein tek vare på det estetiske i og rundt dette området.Vi vonar på eit konstruktivt samarbeid til det beste for begge partar, seier naboane som har klar tale.

– Nok er nok. No må vi bli høyrde, seier dei.

Les også : Vigdis Wiik Jacobsen og Jan Vollset på garden Vik: - Vikabukta tolar ikkje meir