– Det vil alltid vere variasjonar, men vi totalt snakkar vi om ein veldig bra sesong, seier Svein Kvame etter ein lang dag med innkøyring av eple frå Gloppen og Stryn. Også Eid og Norddal på Sunnmøre er mellom leverandørane til det nordlegaste fruktlageret i landet.

150 tonn plomer var over prognosen, og før vi skriv 2020 vil talet vere over 200 tonn med den interessa det har vore for nyplanting siste tida. Det er gode signal for framtida når ein ser at den norske forbrukaren er stadig meir interessert i å få norsk frukt samstundes som det føregår mykje nyplanting.

NorgesGruppen seier i ei pressemelding at dei selde over 60 prosent meir norskproduserte plommer samanlikna med fjoråret, og det same opplevde andre kjeder. Sjølv på toppdagar var det for lite plommer.

Avlingsskade

Sjølv om eplesesongen er god er det også avlingsskade. Det rammar produsentar på Blakset, Hopland og nordsida av Gloppefjorden.

– Same kvelden som katastrofenatta i Utvik gjekk det ei haglebyge over distriktet.

– Eg såg sjølv at haglebyga kom over Robjørgane, Dokset og utover fjorden før den kryssa over mot Gloppen og gjekk over Tystad og den sida av fjorden, fortel Kvame. Det var eit uver som gjekk utover både kvalitet og storleik.

God utvikling for eple

Pære er det så lite av det blir ikkje rekna på, men epla er snart i hus. Det meste skal vere inne til den internasjonale epledagen 17.oktober. Sjølve om pakkinga føregår på to skift er dei ikkje ferdige før vi er inne i november.

– 180 tonn er om lag som prognosen. Det er Sommerred, Discovery og Raud Gravenstein som er i hus og etter kvart også Raud Aroma. Når det gjeld kor mykje som går til press er det vanskeleg å seie førebels, men vi snakkar om 5 – 6 prosent, seier han.

Det gjeld det same for eple som for plomme. Det er grunn til å vente ein god auke i åra framover. Det er fleire som har planta store areal med eple, og det har også kome til ein del nye fruktdyrkarar. Noko som er svært positivt med tanke på framtida.

Bestøving: - Dette er ikkje dårlege eple, men bestøvingstreet til v.som blir planta mellom dei andre trea for å gje betre fruktkvalitet som på den Raude Aromaen til høgre, fortel Karl Ove Loen. Foto: Inge Fænn