Regjeringa føreslår å kutte dei regionale utviklingsmidlane til Sogn og Fjordane med vel 23 millionar kroner, frå 77,36 millionar i år til 54,1 millionar i 2018.

Det er ein nedgang på 30 prosent. På landsbasis får Sogn og Fjordane den største prosentvise nedgangen, med Oppland og Nordland på dei neste plassane med 25 prosent reduksjon.

Regionale utviklingsmidlar er pengar som skal brukast innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, og støtte prosjekt som fremmar lokal samfunnsutvikling, sysselsetting og næringsutvikling.

Råkar næringsliv og kommunar

– Eit så stort kutt går utover rolla fylkeskommunen har som regional samfunnsutviklar. Vi treng musklar til å fremme utviklinga i fylket. Det vil råke både næringsliv og kommunar i fylket på ein uheldig måte, seier ho i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkesordføraren meiner også at den manglande satsinga på distriktsutvikling er i strid med måla i regionreforma, som er å leggje til rette for at fylkeskommunane skal få styrka utviklingsrolla si.

Ingen tapskompensasjon

Heller ikkje i år har regjeringa lagt inn auka tapskompensasjon i statsbudsjettet. Fylkesordføraren er skuffa, men er klar på at denne kampen må takast på nytt. I fjor kom tapskompensasjonen inn i statsbudsjettet etter forhandlingane i Stortinget. Fylkeskommunen har føresett 22,5 mill. kr i auke i 2018.

– Det er spesielt viktig for Sogn og Fjordane å få auka tapskompensasjonen som følgje av omlegginga i inntektssystemet. Vi er det fylket som samla sett tapar mest på dagens inntektssystem, seier Følling.

Treng større breibandsatsing

Følling trekker også fram reduksjonen i tilskot til breibandsutbygging som eit døme på det ho meiner er regjeringa si manglande satsing på distrikta. Den nasjonale løyvinga går ned frå 138,7 millionar i 2017 til 69,7 millionar i 2018. Sogn og Fjordane fekk 24,1 millionar av løyvinga i år.

– Godt breiband er blitt like viktig som godt telefonsamband og gode vegar. Det er eit viktig infrastrukturtiltak, som bidreg til busetjing, vekst og utvikling i distrikta. Ein million nordmenn manglar i dag godt breiband, då er for dårleg å nesten halvere denne løyvinga, slår fylkesordføraren fast.

Forventar meir rassikringsmidlane

Eit anna viktig tema for Sogn og Fjordane i statsbudsjettet, er kor mykje pengar regjeringa vil løyve til rassikring. Her er berre den nasjonale potten kjent så langt. Regjeringa føreslår å løyve 758,7 mill. kr til rassikring på landsbasis, om lag det same som i fjor. Fylkesordføraren har klåre forventningar til fylkesfordelinga.

– Eg forventar at regjeringa nyttar skredfaktor som hovudprinsipp, altså at dei mest rasfarlege vegane i landet får pengar først, seier ho.

Vegdirektoratet føreslår at fordelinga skal ta utgangspunkt i tiltaka med både høg og middels skredfaktor, for å få ei betre geografisk fordeling av midlane. Følling er djupt ueinig i denne tankegangen.

– Om ein legg eit slikt prinsipp til grunn, betyr det at rassikringsprosjekt med middels skredfaktor går forbi dei med høg skredfaktor. Slik kan vi ikkje ha det. Vi må gjere dei farlegaste vegane i landet trygge først, og så jobbe oss nedover lista etter faregrad, meiner fylkesordføraren i pressemeldinga.