Drivar av Hotel Videseter har som eit innbyggjarinitiativ søkt om at grensa mellom Stryn og Skjåk skal gå ved Videseter.

Av søknaden går det fram at søkjar synes mellom anna at det er vanskeleg å forholde seg til kven som er ansvarleg for kva når det gjeld vegen i området. Det blir og gitt uttrykk for at Stryn kommune har ei manglande handtering av vilt og utmark. Søkjar ser det best tent å vere ein del av Skjåk kommune.

Stryn kommune vil ikkje greie ut denne søknaden noko vidare.

– Ikkje behov for ny grense Stryneordførar Sven Flo og formannskapet var samde i å ikkje greie ut søknaden vidare. Foto: Roger Oldeide

– Vi har diskutert søknaden saman med Skjåk kommune og meiner det ikkje er behov for vidare utgreiing, sa ordførar Sven Flo i tråd med rådmannen si tilråding. Han la til at det var lite usemje om dette frå Skjåk kommune si side.

Saka vart samrøystes vedteke av formannskapet onsdag.