Hornindalsvatnet som drikkevasskjelde vart tema under kommunestyre i Eid førre veke.

– Eg viser til oppslag og video på lokalavisa Fjordingen si nettside, der ein kan sjå og lese at eit dykkefirma etter eit kort søk nyleg fann store mengder bilvrak, samt oljefat med ukjent innhald på djupet ved Kjøshammaren, sa gruppeleiar i Venstre, Arild Krogh Nøstdal i følgje kommunestyrereferatet, då han stilte spørsmål til ordførar under sist kommunestyremøtet i Eid.

Fjordabladet, som først omtalte saka, har skrive leiar på temaet.

– Kan ha blitt dumpa i nyare tid også

–  Ein kan heller ikkje sjå vekk ifrå at avfall kan ha blitt dumpa i vatnet i nyare tid også, sa Nøstdal og viste til at Hornindalsvatnet om kort tid skal bli ny drikkevasskjelde for innbyggjarar i Eid. Vatnet er også reservevasskjelde for Hornindal.

Les også: Kommunen tok til orde for å dumpe bilvrak i Hornindalsvatnet

– På alle måtar urovekkande

– Ein treng ikkje ha mykje fantasi for å sjå føre seg at botnen mange stadar kan vere full av miljøskadeleg og helseskadeleg avfall, noko som på alle måtar er urovekkande. Vi veit svært lite om totalomfanget. Vatnet er djupt og botnen er for ein stor del utilgjengeleg utan spesialutstyr, sa Nøstdal.

Han stilte spørsmål om det bør gjerast ei ny risikoanalyse med breiare vurderingar.

Pågått i over 20 år

Ordførar Alfred Bjørlo (V) orienterte om at arbeidet med ny vasskjelde for Nordfjordeid sentrum har pågått i meir enn 20 år. Forprosjektet vart utarbeidd av Norconsult i 2006, og byggjer på to tidlegare hovudplanar frå 1996 og frå 2002, utført av Asplan.

Begge desse konkluderer med val av Hornindalsvatnet som ny drikkevasskjelde.

Orienterte Ordførar Alfred Bjørlo. Foto: Arkiv

Bjørlo fortalde at temperaturmålinga som vart utført i 2006 syner at Hornindalsvatnet er i stadig omrøring.

– Dette vil medføre at botnvatn vil kome opp mot overflata, og eventuelle forureiningar vil blande seg i vassmassene og verte fanga opp i vassprøver. Dette må sjåast på som ei trygging, sa Bjørlo.

Han la til at Hornindalsvatnet har eit vassvolum på 12 km3, ei normalavrenning på 23 m3/s og gjennomsnittleg opphaldstid på 16,5 år.

– Det vil seie at i løpet av 16 år er alt vatnet utskifta, sa Bjørlo og viste til at alle som er interesserte kan gå inn på kommunen si heimeside og sjå prøveresultata under fana "innsyn".