Forslaget til Statsbudsjett for 2018 imponerer ikkje Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

- I forslaget til statsbudsjettet går løyvingane til NVE ned. Det er uforsvarleg av Regjeringa, då løyvingane burde vore auka for å betre beredskapen med tanke å flaum og ras. Regjeringa burde heller fremma forslag om ein opptrappingsplan på løyvingane til NVE, seier Anders Felde i ei pressemelding frå bondelaget.

Felde fortel at dei siste åra har flaum og ras gjort stor skade på offentleg infrastruktur, hus og dyrka jord.

-Det er uhaldbart med tanke på livet, helsa og livskvaliteten til innbyggjarane som bur i utsette område. Vidare er det uhaldbart at bønder får livsgrunnlaget øydelagt på få timar, fordi ein ikkje klarar å auke beredskapen i elveløpa.

- Løftebrot

- Regjeringa har også gitt EU auka tollfrie importkvotar på kjøt og mjølk. I tillegg har Regjeringa gjennom WTO-forhandlingar stramma inn mogelegheitene for eksport av norske produkt.

Ifylgje Felde og Bondelaget slår ein fleirtalsmerknad frå Jordbruksmeldinga fast at dette skulle kompenserast i Statsbudsjettet for 2018. Felde har leita, men finn ingen kompenserande tiltak i budsjettet.

- Vi opplever at Regjeringa ikkje fylgjer Stortinget si vilje, når ein ikkje set inn midlar til å styrke konkurransekrafta til norsk mjølk. Verdiskapinga frå mjølkeproduksjonen står for 60% av verdiskapinga innan landbruket i fylket vårt. Tollfrie ostekvotar på 8400 tonn, eit lite fungerande tollvern, og slutten på eksportsubsidiar til Jarlsberg i 2020 truar det norske mjølkevolumet, seier bondelagsleiaren i pressemeldinga.