Saka om tildeling av Oldenleirane vart utsett etter første handsaming. I vurderinga frå rådmannen vart det, som ved første handsaming, lagt vekt på ei heilskapleg utvikling av det 8,5 dekar store sentrumsarealet i Olden.

Før handsaming onsdag hadde rådmannen same tilråding om overdraging av området til ei lokal interessegruppe med Asbjørn Flåten, Erik Flåten og Andre Oppheim.

Feltet er regulert til leilegheiter og næringsareal, men den lokale gruppa har planar om å nytte feltet utelukkande til leilegheiter.

Stykkvis og delt Pål Vonheim (Ap) ville selje ein del til kvar av dei tre interessentane. Anders Magne Vik (Frp) støtta dette forslaget Foto: Roger Oldeide

Ikkje alle var samde i rådmannen si tilrådinga. Pål Vonheim (Ap) la fram eit endringsforslag om å dele opp området i tre og selje ein del til kvar av dei tre interessentane.

- 4, 5 mål til Asbjørn Flåten, Erik Flåten og Andre Oppheim, to mål til Olden Bryggeri og to mål til Endre Muri, heitte det i framlegget frå Vonheim.

Forslaget vart nedstemt med fem mot to røyster. Berre Anders Magne Vik (Frp) støtta framlegget frå Vonheim. Vik gav sjølv uttrykk for at området burde seljast til høgstbydande.

Vil ha fortgang - Vi kjem til å ha knallharde tidsfrister til å utvikle denne tomta, fastslo ordførar Sven Flo. Foto: Roger Oldeide

Ordførar Sven Flo meinte det uansett ville vere uheldig å selje området stykkevis og delt.

– Det er snakk om både ein togstasjon, eit bryggeri og leilegheiter om alle får det som dei vil. Det blir hummar og kanari, sa Flo.

Skuffa Frode Myrold i Olden Bryggeri høyrde på at bryggeriet sine planar vart argumentert bort onsdag. Foto: Roger Oldeide

Ein representant frå Olden Bryggeri var til stades då saka vart handsama i formannskapet. Planene om å ekspandere bryggeriet vil truleg ikkje skje på Oldenleiarene.

- Det vart ikkje lagt vekt på at vårt forslag har både bryggeri og leilegheiter. Vi er skuffa, det er klart, sa Frode Myrold etter møtet.

No skal kommunen og interessegruppa med Asbjørn Flåten, Erik Flåten og Andre Oppheim gå i forhandling om mellom anna frist for ferdigstillelse av prosjektet.

- Vi kjem til å ha knallharde tidsfrister til å utvikle denne tomta, fastslo Flo.