Representantar frå Stryn og Skjåk kommunar møttest i Skjåk på måndag. Agenda: Samarbeid på tvers av kommunegrensene.

Ordførar Sven Flo, rådmann Rune Hovde og plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal tok turen over fjellet for å møte representantar frå Skjåk kommune. Fleire tema vart teke opp på møtet, mellom anna Gamle Strynefjellsvegen, grensejustering, turisme, landbruk og beredskap. Kommunane har allereie bestemt at det skal arrangerast eit oppfølgingsmøte på Grotli seinare i haust.

–Vi har hatt jamn og god dialog med Skjåk over mange år, og det er fleire saker som vi trur vil kunne løysast betre gjennom eit tettare samarbeid, fortel ordførar Sven Flo.

Gamle Strynefjellsvegen

Fv 258 Gamle Strynefjellsvegen ligg i både Stryn og Skjåk, og Flo seier at kommunane tok opp ei rekkje saker som dei vil fronte ovanfor vegeigar (Sogn og Fjordane fylkeskommune og Oppland fylkeskommune).

– Tidlegare vegopning, vegdekke og toalettfasilitetar er saker som vi vil ta opp med vegmyndigheitene, seier Flo.

Stryn og Skjåk er også utfordra ovanfor ei grensejusteringssak som er kome opp. Saka vart diskutert på møtet, og kommunane fann ikkje grunn til å forfølge denne saka vidare.

– Eit tettare samarbeid innan turisme vart også diskutert, seier Flo vidare. Her ser Stryn og Skjåk føre seg eit samarbeid med Stranda kommune.

Dei tre S’ane

– Dei tre S’ane, Stryn, Skjåk og Stranda, har eit kjempepotensiale innan turisme. Vi har ei spennande utvikling i området, og saman kan vi finne fleire måtar å profilere oss på, seier Flo. Han tenkjer då spesielt på utvikling innan grøn turisme:

– Grøn turisme og det å tenke miljøvenleg er eit spennande nedslagsfelt, og vi vil utfordre destinasjonsselskapa på dette.

Lokalmat og landbruk

Kommunane såg også på ulike samarbeidsplattformer når det gjeld lokalmat.

– Skjåk er gode på dette, og Stryn kjem i full fart etter. Dette vil vi diskutere meir, fortel Flo.

Til liks med Stryn så er Skjåk ein stor landbrukskommune. Her vil ein finne felles prosjekt det kan jobbast vidare med.

Beredskap

Nødnett, breiband og utbetring av Strynefjellstunnelane er av andre saker som kommunane vil halde varme framover.

Betre trafikkavvikling på Gamle Strynefjellsvegen, som har status som nasjonal turistveg, vil Stryn og Skjåk kommunar jobbe med både på kort og lang sikt. Foto: Harald Vartdal