Sjølv om delen som meiner det ikkje er nødvendig å måle radon framleis er svært høg, er det faktisk ein nedgang frå tidlegare.

– Men sjølv om fleire og fleire måler radon heime, er det framleis mange som ikkje gjer det. Det er mange som trur at dei bur i eit radonfritt område, men i botn og grunn er heile Noreg eit radonutsett område, og høge radonnivå kan du finne nær sagt kvar som helst, seier seniorrådgjevar Bård Olsen i Statens strålevern til NRK.

Høgt radonnivå gir over tid auka risiko for lungekreft, og det kan vere så lokalt at det ikkje held å vite at huset til naboen har akseptable radonnivå.

– Det kan vere forskjellar frå hus til hus. Så vi anbefaler alle å måle radon heime, seier Olsen.

Staten strålevern anbefaler at ein måler radon i heimen sin i vinterhalvåret, mellom midten av oktober og midten av april. Målinga skal gå føre seg over eit tidsrom på to månader, og i minst to opphaldsrom i kvar etasje.

(©NPK)