Eit heilt nabolag i Vikalida og naboar i Vik har reagert på kommunen sine planar om yttarligare utfylling av Vikaleirane med hensikt om etablering om meir industri. I følge Plan- og næringssjef i Stryn kommune, Geirmund Dvergsdal er det for seint å stoppe utfyllinga no.

- Da saka vart behandla så sto

det mellom å fylle ut dette området, eller ikkje fylle ut noko. Det vart eit kompromiss i denne saka der ein valte å fylle ut omlag halvparten, fortel Dvergsdal.

Han viser til at reguleringsplanen for dette området er godkjend og vedtatt, og det vil bli utfylling av Vikaleirane for næringsverksemd.

- Bebuarar i Vikalida er bekymra for meir støy frå industrien i dette området. Kva grep vil ein gjere med dette?

Uroa Naboar i Vikalida er slett ikkje glade for at dei får industrien i Vikaleiaren nærare bustadane sine og fryktar for meir støy. Foto: Roger Oldeide

– At naboar av området no kjem med innspel til detaljplanen er positivt. Støy er absolutt ei problemstilling ein vil ta omsyn til ved utarbeiding av detaljplanen, seier Dvergsdal.

Han legg til at det er teknisk utval skal handsame detaljplanen for dette området.