Stryn kommune har fram til 07. oktober vore med på Sogn og Fjordane si innkjøpsavtale om sals- og skjenkekontrollar utført av kontrollselskapet Trygg 24 AS. Denne avtala har no gått ut og fylkeskommunen har signalisert at dei ikkje ønska å innhente ny felles innkjøpsavtale for Sogn og Fjordane for dette kontrollarbeidet.

Stryn kommune har difor lyst ut anbodskonkurranse på kontrollarbeidet på sjølvstendig grunnlag.

- Det var tre aktørar som leverte inn tilbod og av dei tre er det no inngått avtale med Securitas AS om kontrollarbeid for den neste perioden, orienterar økonomi- og administrasjonskonsulent Kirsti Margrete Fjellvang.

Avtala gjeld frå 08. oktober inneverande år fram til 07. oktober 2021