Stryn vil avslutte med stil når dei møter Årdal på bortebane i siste serierunde i Kretsligaen.

Etter at opprykket rauk i heimekampen mot Sogndal 2 sist helg er det klart at det i kampen mot Årdal berre er æra å spele for. I det omvende oppgjeret vann Stryn 3–0 over årdølene på Stryn stadion.

Mykje skal skje om ikkje Stryn blir nummer to i Kretsligaen, men trenar Johann Sigurdsson ønskjer å avslutte sesongen på ein god måte.

Store endringar

– Det blir ein del endringar på laget til denne kampen. Mathias Garlid, Erling Tenden Myklebust og Emil Allesøe er alle ute med karantene. Mads Wie spelar heller ikkje grunna skade, seier Sigurdsson.