Ein herrelaus kvalp funnen vandrande langs RV 15 ved Videseter, melder politiet som beskriver kvalpen som ein Shiba.

Hunden er svart med brune flekkar. Hunden har ikkje halsband, melder politiet.

- Hunden er tatt vare på for næraste framtid. Dei som måtte ha informasjon om hunden må ta kontakt med politiet, seier operasjonsleiar i politiet, Bengt Næss.