Trass ein noko tung fjorårssesong, og ein endå tyngre sommarsesong, er det ikkje slik at Anders Fannemel ser seg om etter anna å gjere. Tvert imot.

– Eg håpar på minst eit OL til etter Sør-Korea. Slik det er no trivst eg med å vere skihoppar. Eg er sjølvsagt litt prega av dårleg hopping ein heil sommar, men eg må berre jobbe hardare, eller i alle fall annleis, seier Fannemel. Vi møter han for ein prat i Lysgårdsbakken på Lillehammer etter avslutta landslagssamling sist i september.

– Det er som oftast tålmodig jobbing som krevst for å få det til, seier hopparen frå Hornindal.

Krev meir av seg sjølv

Som Fannemel så ofte minner oss på; det er små marginar i hopp. Og han veit han kan flyge langt når teknikk og fysikk spelar på lag.

– Eg må hugse kva som måtte til for å kome på det nivået eg har lyst å vere; å leie verdscupen og vinne renn, seier han og held fram.

– Eg krev meir av meg sjølv no enn for fire år sidan. Då hadde eg ikkje pallplasseringar i hovudet og det var lettare å sleppe seg laus. Fysisk sett veit eg at det er bra nok til å vere i toppen, og teknikken på det beste også. Så det handlar om å gjenskape det. Problemet er vel at vi søkjer å bli sterkare og raskare, og då må vi endre teknikken litt. Det kan gi utfordringar at ein får ein litt annan kropp.

Men her snakkar ein om små detaljar, for akkurat rørslemønsteret trur han er ganske identisk med slik det alltid har vore.

– Eg har eit bevegelsesmønster som eg har hatt sidan første gong eg hoppa på ski, i bunn og grunn. Så eg må prøve å automatisere og perfeksjonere den naturlege bevegelsen, forklarar han.

Betre rusta til utfordringar

Fannemel er godt nøgd med den nyleg avslutta landslagssamlinga og føler han berre på dei siste vekene har teke steg i rett retning.

– Eg bekymrar meg ikkje enno. I fjor vann eg renn på sommaren og følte meg bra heilt til første verdscuprennet. Eg er meir glad for å ha stor variasjon gjennom sommaren og bli betre rusta til å løyse eventuelle utfordringar når vinteren kjem. Eg vel å sjå sånn på det i alle fall, smiler 26-åringen.

I vinter er sjølvsagt OL det store høgdepunktet. Første steg er å bli utteken, og er han først i den norske troppen meiner han medalje bør vere ambisjonen.

– Eg har nok størst sjanse i stor bakke. Det hadde vore kult med OL medalje med laget, og individuelt også sjølvsagt.

– Eg krev meir av meg sjølv no enn for fire år sidan. Då hadde eg ikkje pallplasseringar i hovudet, seier Anders Fannemel. Foto: Roy Aron Myklebust
Bagasjerommet er fullt av hoppdressar og anna treningsutstyr. Dei fleste bilturane går mellom leilegheita, treningssenteret og Lysgårdsbakken. Foto: Roy Aron Myklebust