Trass i at Stortinget har bede regjeringa auke satsinga på friluftsliv for å betre folkehelsa, viser budsjettet det motsette.

– Det er urovekkande at regjeringa ikkje tek svekt helse, overvekt, låg yrkesdeltaking og veksten i helseutgifter på alvor, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal, i ei pressemelding.

Regjeringa ønskjer å bruke 52,5 millionar kroner på friluftslivsaktivitetar i 2018. Summen frå 2017 var lik, og Heimdal seier ein ikkje kjem langt med ti kroner per innbyggjar.

Heimdal hadde venta seg ei auking for friluftslivet i statsbudsjettet fordi Stortinget i fjor bad om ein handlingsplan for friluftsliv som dei har kravd at regjeringa skal levere.

Fleire rapportar har vist at friluftsliv er eit billeg tiltak for å betre folkehelsa, og for å hindre at helseutgiftene held fram med å auke, meiner Heimdal at det beste er å satse på førebygging.

(©NPK)