Stryn fotball må ut på marknaden for å finne ny trenar då Johann Sigurdsson har bestemt seg for å gje seg.

I tre sesongar har den sympatiske islendingen hatt ansvaret for Stryn sitt A-lag på herresida. No har han altså bestemt seg for å sleppe nye kostar til.

Bestemte seg i sommar

Tanken om å gje seg som trenar for Stryn har modnast over tid, og den endelege avgjerda om å slutte tok han i sommar.

– Utgangspunktet var at eg skulle vere trenar i tre år, og kontrakta mi går ut etter denne sesongen. No følte eg det var nok, seier Sigurdsson, som med hundre prosent jobb ved sidan av ikkje legg skjul på at det har vore hektisk til tider:

– Det har vore hektisk og intenst ja, med trening fire gongar i veka og mange kampar med første- og andrelaget. Men det passar å gje seg no når eg skal starte i ny jobb. Om ikkje mange vekene er han å finne i Sparebanken Vest sine lokale.

Opp- og nedturar

Av oppturar som trenar nemner han bortesigeren mot Kristiansund FK og heimekampen mot Træff førre sesong.

– Mot KFK vann vi knipent etter at Vegard Hopland vart utvist, ein stor prestasjon. Heime mot Træff låg vi under 2–1 like før slutt, men etter nokre hektiske sluttminuttar vann vi 3–2. Sigurdsson er også nøgd med å vere det einaste laget som gav Sogndal 2 kamp til døra i årets sesong. Av nedturar trekkjer han fram cupexiten mot Volda i vår:

– Cuptapet mot Volda svei då vi hadde lyst på eit storlag på stadion. Å få eit storlag hit i cupen har vore målet, det var veldig kjekt då Aalesund var her i 2015.

Aldersbestemt

Heilt ferdig med fotballen er likevel ikkje Sigurdsson. Neste sesong er planen å vere i trenarapparatet på jenter 15/16-laget, og han vil halde fram med å ha ansvaret for Proffveka.

Trenarjakt

Are Njøten i Stryn fotball sitt sportslege utval seier at prosessen med å finne Sigurdsson sin erstattar har pågått ei stund:

– Vi nærmar oss, og eg reknar med at vi har den nye trenaren på plass i løpet av denne veka. Om det er lokale namn på blokka eller ikkje seier ikkje Njøten noko om.

Også Johann Sigurdsson sin assistent i år, Martin Knutsen Dolvik, sluttar i klubben. Knutsen Dolvik tek til i ei stilling i moderklubben Arna Bjørnar i november.