Denne veka er Bergset på plass i San Francisco saman med 5.000 teknologiutviklarar frå alle kantar av verda. Det er Samsung som inviterer til den store messa på USA sin vestkyst. Men korleis i alle dagar hamna den 50 år gamle nordsidaren, som til dagleg arbeider med webkatalogar hos Hellanor, midt i dette selskapet av innovative utviklarar?

Det er nokre år sidan Bergset budde vegg i vegg med trappefabrikken Berglid Trevare på Ulvedal. Ein fabrikk faren og onkelen starta i 1967 og som vart drive til godt ut på 2000-talet. Men gründer-genane hadde han med seg då han som 20-åring reiste austover i 1987. Først for nokre år i Forsvaret og på universitetet, før den nysgjerrige og datainteresserte, unge mannen ville prøve lukka med eiga bedrift.

– Eg starta litt i feil ende; byrja for meg sjølv og så skulle lære faget, smiler han.

Kommunen si første heimeside

Produktet var heimesider og året 1997. Ei tid der det var langt frå alle som hadde e-post, og dagens 1-2-3 manualar for å bygge si eiga heimeside ikkje fanst.

– Eg laga faktisk den første heimesida til Stryn kommune. Men dei brukte vel den ikkje så lenge, seier Bergset, og presiserer at det var ganske mykje enklare løysingar den gongen samanlikna med i dag. Han fortel også om ei nettbasert minnebok som han utvikla på denne tida. Med utgangspunkt i kor oppslukte foreldre er i ungane, og behovet for å dele opplevingar med vener og familie, ville han lage eit blogg-liknande konsept der ein kunne dele tekst og bilde med til dømes bestemødre som budde langt unna. Med andre ord ikkje heilt ulikt grunntanken til det som vart lansert som Facebook i USA nokre år seinare. Men sjølv om idéen var god, ja faktisk så god at den vart kjøpt opp av ei bedrift for 250.000 kroner, så vart den aldri lansert. Bedrifta gjekk konkurs og betalinga til Bergset var i aksjar. Så slik enda det.

Enda opp i sofakroken

Men omlag tjue år seinare opplever han altså ein aldri så liten oppsving i den digitale verda. Og det starta med ei smartklokke som han spanderte på seg sjølv i høve bursdagen for halvtanna år sidan.

– Tanken var at den skulle få meg ut å trene, men det har vel heller gått motsett, ler han. For i staden for å trave utandørs med klokka som kan måle puls, steg, høgdemeter og meire til, så tok nysgjerrigheita for teknologien overhand, og Bergset enda opp i sofakroken i staden. Der har han site time etter time i ledige stunder, og utvikla digitale klokkefrontar som folk med smartklokker frå Samsung kan kan laste ned gjennom ein app.

N°78 kallar han seg, og mykje av designet han leikar seg fram til er inspirert av det arktiske, det norrøne eller vikingtida.

– Eg lagar designet i Photo-shop, forklarar han, og viser døme på ulike klokkefrontar han har lansert det siste året.

Og at dei fell i smak er heilt tydeleg. Så mykje som nær 400.000 nedlastingar har det blitt til no.

– Men mange av dei er gratis, seier Bergset, nærast unnskyldande. Men han legg ikkje skjul på at det var moro då dei første betalte variantane byrja å få nedlastingar.

– Eg jubla på stovegolvet over dei første ti dollarane, ler han.

Samsung Developer Conference er meint for både dei heilproffe utviklarane og for å stimulere nettopp slike hobby-utviklarar som Bergset.

– Då eg fekk tilbod om å delta tenkte eg; når tid vil eg få ein slik sjanse igjen? Dette må eg berre slå til på! I to dagar skal han stå på stand saman med dei som har utvikla programvaren som han sjølv nyttar for å lage klokkefrontane. På standen får han høve til å vise fram produkta på ein TV-skjerm.

Han satsar på at opplevinga gir påfyll og inspirasjon. For drivkrafta er å heile tida kome på nye fiffige løysingar som folk vil laste ned.

– Eg trur at eg etter kvart veit sånn nokon lunde kva folk likar, smiler han.

I sofakroken sit han kveldane og designar stadig nye digitale klokkefrontar. Gjerne med eit halvt auge mot TV-skjermen. Foto: Roy Aron Myklebust
På smartklokkene kan du laste ned eit utal klokkefrontar frå app-butikken. Når du er lei utsjånaden på den eine er det berre å velje ein ny. Som Bergset sine med vikingtema. Foto: N°78
Her er det Odin og ravnane som pregar designet. N°78 kallar han merket. Det er breiddegraden til Svalbard, og som ein ser av merket nede til høgre er det ein isbjørn med i logoen. Foto: N°78
Det tok litt tid før folk fekk augene opp for designet til Bergset, men då vi besøkte han i september var to av klokkefrontane inne på Samsung si topp-30 liste. Foto: Roy Aron Myklebust