Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er kritisk til planane for Melkevoll kraftverk i Oldedalen.

– På grunn av store synlege inngrep, og periodevis sterkt redusert vassføring i eit verna vassdrag, rår Fylkesmannen sterkt frå at det vert gjeve konsesjon til Melkevoll kraftverk i Storelva i Oldedalen, heiter det i ei fråsegn frå Fylkesmannen.

Fylkesmannen får søknader om vasskraftutbyggingar på høyring frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Oldenvassdraget, som Storelva er ein del av, er verna mot kraftutbygging. Stortinget har opna for søknader om kraftverk med installert effekt på inntil 1 MW i verna vassdrag, med klare avgrensingar som er nærare omtalt i NVE Fakta 4-2008: «Føresetnaden for å gje løyve er at verneverdiane ikkje vert dårlegare. …. Ein føresetnad for løyve vil normalt vere at vassdraget også etter utbygging har ei variert og romsleg vassføring.», skriv Fylkesmannen i si fråsegn.

Melkevoll Elvekraft SUS har søkt om konsesjon for eit kraftverk med inntak i Storelva ved Melkevoll Bretun. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 0,99 MW, og vil etter planen gje om lag 3,8 GWh årleg produksjon.

Kraftverket vil ha ei slukeevne på om lag halvparten av middelvassføringa, skriv fylkesmannen i fråsegna.

– Fylkesmannen vurderer at utbygginga vil redusere landskapsopplevinga av elva i eit område som er viktig for friluftsliv og innfallsport til Jostedalsbreen nasjonalpark. Vidare vil reduksjon i vassføring kunne få konsekvensar for ein verdifull naturtype og ein nasjonalt viktig førekomst av raudlista artar. Tiltaket kan også skape presedens for større vassuttak i andre småkraftverk i vassdrag verna mot kraftutbygging, meiner Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det er NVE som avgjer om Melkevoll kraftverk får konsesjon. Dersom det kjem klager på vedtaket, går saka vidare til Olje- og energidepartementet.