Slik kunne det i alle fall høyrest ut for dei som bur i nærleiken av Stryn.

Mange vakna med eit brak natt til tysdag. Litt etter kl 02.00 skralla det skikkeleg i indre Nordfjord, og teoriar om alt frå lynnedslag og steinsprang til etterdønningar frå fjellet Mannen i Romsdal har versert på Facebook. Sistnemnde mest på spøk vel vi å tru.

Men Johnny Nesje var ein av dei som vakna av smella og dokumenterte med dette fotoet at det var nettopp lynnedslag som var årsaken til dei kraftige braka i nattemørkre.

- Det small ganske bra, ja. Eg stod opp og tok bilde av det tredje eller fjerde lynet, fortel Nesje, som meiner det slo ned omlag på Hogden.

- Men det hadde mange forgreiningar så det føltes som det slo ned mange stader på same tid, seier Nesje.

Han trur dette er same uvêret som passerte England i går og som svenskane har diskutert i morgontimane tysdag, eit merkeleg mørkre som har lagt seg over deler av landet.

Også Magne Garlid undra seg over rabalderet i natt.

- Huset skalv, seier han, og fortel også om ei merkeleg lukt.

- Det fekk meg nesten til å tenkje at det var eit fly som hadde eksplodert eller noko, seier Garlid.

Også Nesje merka seg lukta som etterfulgte tordenvêret, men han viser til ulike artiklar som fortel at ozon naturleg spaltar seg etter lynnedslag og at denne har ei svak lukt av svovel.

Fanga du lynet natt til tysdag? Vi set pris på om du vil dele med lesarane! Send foto til 40 40 21 40