Onsdag vedtok Stryn formannskap at ei lokal investorgruppe i Olden får tilbod om å kjøpe den 8,5 dekar store tomta i Olden sentrum. Planen er å byggje leilegheiter på tomta.

– Etter planen, slik den ligg føre i dag, er det snakk om å etablere 30 leilegheiter på Oldenleirane. Vi får neppe selt alle med det første, men det er viktig å byggje for framtida, seier Andre Oppheim i ein kommentar til Fjordingen torsdag.

Det var andre gong formannskapet handsama tildelinga av arealet som hadde totalt tre interessentar.

Vedtatt med fem mot to røyster

I vurderinga frå rådmannen vart det lagt vekt på ei heilskapleg utvikling av Oldenleirane. Tilrådinga var forhandling med den lokale interessegruppe med Asbjørn Flåten, Erik Flåten og Andre Oppheim.

Pål Vonheim (Ap) la istaden fram eit endringsforslag om å dele opp området i tre og selje ein del til kvar av dei tre interessentane.

– 4, 5 mål til Asbjørn Flåten, Erik Flåten og Andre Oppheim, to mål til Olden Bryggeri og to mål til Endre Muri, heitte det i framlegget frå Vonheim.

Forslaget vart nedstemt med fem mot to røyster. Anders Magne Vik (Frp) støtta framlegget frå Vonheim og gav sjølv uttrykk for at området burde seljast til høgstbydande.

Ordførar Sven Flo meinte det ville vere uheldig å selje området stykkevis og delt.

– Det er snakk om både ein minitogstasjon, eit bryggeri og leilegheiter i same område om alle får det som dei vil. Det blir hummar og kanari, sa Flo.

– Skuffa

Olden Bryggeri, som var ein av tre interessentar, er skuffa over at det ikkje blir lagt til rette for næringsareal på tomta.

Skuffa: Frode Myrold i Olden Bryggeri høyrde på korleis planane til bryggeriet vart argumentert bort frå Oldenleirane under formannskapet førre veke.

– Vi er veldig skuffa over tildelinga. Vi har stort behov for større plass og må no ha eit møte om framtida for bryggeriet, seier medeigar i Olden Bryggeri, Geir Inge Beinnes.

Endre Muri hadde ingen kommentar til tildelinga.

No skal kommunen gå i forhandling med investorgruppa om mellom anna frist for ferdigstillelse av prosjektet.

– Vi kjem til å ha knallharde tidsfristar til å utvikle denne tomta, fastslo Flo.