Advokat Thore Heggen kan stadfeste at det er fleire som har meldt interesse for å kjøpe gamle Kirkhorn skule. Bygget vart lagt ut for salg førre veke med ei prisantyding på 1.200.000 kroner.

- Det er interesse for eigedomen og det pågår bodgjeving, seier Heggen.

I dag er det Hornindal kommune som eig bygget der Løvland Spiseri og pub og Kyrkjelydsstova er leigetakarar.

Over prisantydinga

Kor mange som har meldt seg vil Heggen ikkje ut med.

- Det kan vere ulike konstellasjonar mellom interessentane og eg vil difor ikkje kommentere talet på bodgjevarar. Men eg kan stadfeste at føreliggjande bod er over prisantydinga, seier han.

Heggen seier det er vanskeleg å seie noko om når tid salget vil vere opp og avgjort.