Laurdag 21. oktober vil nærare 400 nærbutikkar over heile landetaksjonere for å oppmode bygdefolk til å handle meir lokalt.

"Handlelokalt – vel nærbutikken" er slagordet for kampanjen, som blirarrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet fordistriktsbutikkar. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementetsom står bak programmet som kvart år løyver støtte til å utviklenærbutikkar i lokalmiljøet.

Kampanjen 21. oktober set søkelys påkor viktig butikken i lokalmiljøet er både som møteplass,servicesenter og sal av daglegvarer. Målet med aksjonen er åredusere handelslekkasje og stimulere til meir lokal handel.

– Nårdu handlar lokalt, er du med på å halde oppe nærbutikken og eitlevande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttaropp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar litelokalt, til å tenke over kva butikken betyr for bygda, seierseniorrådgjevar Per Kjetil Jørgensen i Merkur i ei pressemelding.

Til saman er 335 nærbutikkar og 45 distrikts-bokhandlarar med påaksjonen. Butikkane vil markere dagen med alt frå kaffi og kakertil kundane til ulike aktivitetar og tilbod. Nokre stader kjemkanskje også ordføraren på besøk.

(©NPK)