Tv-aksjonen 2017 er i gang igjen. På aksjonsdagen 22. oktober vil 100.000 bøssebærarar og mange fleire jobbe med å samle inn pengar til folk i naud. I år går  pengane til UNICEF.

Målet er å gje barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan tilgang på læring. Eit av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. Dette jobbar Unicef hardt og målretta for å endre, dei meiner at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av vaksnes krig og konfliktar.

Dugnad

Organiseringa av tv-aksjonen i Norge slik vi kjenner den blei til i Sogn og Fjordane. Brynjulf Loen, tidlegare tv-aksjonsleiar var den som organiserte og delte arbeidet inn i fylkes- og kommunekomitear. Det vil seie at organiseringsmodellen for verdas største dugnad er frå Sogn og Fjordane.

NRK vil sende aksjonen direkte heile søndagen. Fleire kjendisar kjem til å sitte ved telefonen hjå NRK klare til å ta imot bidrag og donasjonar frå det norske folk. Det vil også vere mange frivillige bøssebærarar som går dør til dør for å hjelpe. Radio P3 er også med på aksjonen og har allereie tent inn over 30.000 kroner til UNICEF.

Mange bidreg

Tysdag ettermiddag hadde leiaren for kommunekomiteen i Stryn, Torstein Tvinnereim, møte med dei som skal leie bøsseinnsamlinga i dei forskjellige bygdene i Stryn. Både nye og gamle leiarar var til stades frå; Oppstryn, Storesunde, Stryn, Loen, Olden, Oldedalen, Innvik, Utvik, Faleide/Markane, Nordsida og Rand. I Stryn er det omtrent 100 som skal gå med bøsser komande søndag. Tvinnereim håpar at aksjonen går like bra som det har gjort før.

Meir enn Eid og Gloppen?

– Eg håpar jo sjølvsagt at vi får inn godt med pengar og at folket i Stryn tar godt i mot dei frivillige som går med bøsser. Det er også mykje enklare å gi enn det var før, ein kan til dømes vippse. Sparebanken er også ein stor støttespelar i Tv-aksjonen for Stryn, ved å låne vekk tellemaskinene forenklar dei jobben utruleg. Det er jo også litt konkurranse i det, vi vil jo gjerne få inn meir enn Eid og Gloppen, seier Tvinnereim med eit smil.

Fjorårets aksjon til Røde Kors samla inn om lag 250.000 kroner i Stryn.