Sogn og Fjordane fylkeskommune, Stryn og Gloppen kommunar får til saman 35,5 millionar kroner i erstatning etter flaumen i Nordfjord i sommar.

– Kommunar og fylkeskommunar skal ikkje stå åleine når store naturhendingar råkar. Storsamfunnet tek difor ein del av rekninga etter flaumen, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

Det var 24. juli i år at eit kraftig regnvêr gjorde stor skade i Nordfjord. Ikkje minst gjekk det ut over den kommunale infrastrukturen i Breim i Gloppen kommune, og Utvik og Utvikfjellet i Stryn kommune. Øydeleggingane gjekk òg ut over fylkesvegnettet.

Av den samla erstatninga på 35,5 millionar kroner går 27,4 til fylkeskommunen, medan Stryn kommune får 6,7 millionar kroner og Gloppen 1,3 millionar.

Mesteparten av pengane går til å utbetra skadar på kommunale vegar og bruker, men omfattar også handteringa av den akutte krisesituasjonen og kostnader ved ei ekstra ferje på ferjesambandet Anda-Lote, heiter pressemeldinga frå departementet. (©NPK)