Loen Skylift er mellom dei fem finalistane som kan bli Årets gründer 2017.

Dei fem finalistane til Årets gründer 2017 er klare. På lista finn vi ein turistattraksjon, eit rådgjevingskontor, eit landbasert oppdrettsanlegg, eit bølgjekraftverk og ein tareprodusent.

- Det er 6. gong vi deler ut prisen, og det er svært gledeleg å sjå gründergløden som pregar Sogn og Fjordane. Vi har valt ut fem innovative finalistar, som alle representerer ulike fagfelt, og som har store ambisjonar for si verksemd, seier Trond Teigene, jurymedlem og administrerande direktør for Sparebanken Sogn og Fjordane. No er det opp til publikum å stemme fram kven dei meiner bør få med seg tittelen Årets gründer 2017 og ein pengepremie på 100.000 kroner.

Avstemminga finn du på Framtidsfylket sine nettsider, og du kan stemme heilt fram til 30.oktober. Deretter vil juryen si vurdering og publikumsstemmene avgjere kven som blir Årets gründer 2017. Vinnaren blir offentleggjort på Temposeminaret 3. november i Florø.

- Det er fem svært spennande finalistar, og vi oppmodar alle om å stemme fram sin favoritt. Publikum sine stemmer er like viktige som juryen sine, sier Teigene. Årets gründer er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Framtidsfylket, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge. Juryen har i år bestått av Trond Teigene, Kjetil Kvåle, dagleg leiar i kunnskapsparken og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Om Loen Skylift skriv juryen følgjande:

Loen Skylift er ein førti år gamal draum som endeleg har blitt realisert, til ståande applaus frå så vel verdspresse som kongehus, og ikkje minst dei langt fleire besøkande enn ein hadde turt å håpe på. Bana er ei av dei brattaste i verda og du kan reise frå fjord til fjell på fem minutt, opp til Hoven 1011 moh. Juryen har lete seg imponere over fylkets nye turistattraksjon i verdsklasse, og at prosjektet med hotelldirektør Richard Grov i spissen klarte reise over 140 millionar i eigenkapital til prosjektet.

Odd Rune Flo er sals- og marknadssjef i Loen Skylift og fortel atmykje av suksessen med pendelbana handlar om at den gjer naturentilgjengeleg for alle, uansett fysisk nivå.

– Her er noko for alle.Bana er rullestol- og gåstolvennleg, og det same gjeld ein del avgrusvegane i området rundt. Andre område er meint for dei som erute etter fart og spenning på sykkel til dømes. For oss er bana eitprodukt og eit verktøy, så skal naturen og aktivitetane rundt spelehovudrolla, seier Flo i ein kommentar til Framtidsfylket.

Finalistane er Loen Skylift, Hydrowave i Måløy, Sogn Aqua AS i Høyanger, Sødermann Rådgjeving på Eid og Seaweed på Bulandet.