Maria Grodås (17) frå Stryn har opplevd storbrannen i California på nært hald.

8. oktober oppstod fleire store skogbrannar i eit område i California, rundt 100.000 menneske måtte evakuere.

Tal omkomne var lenge uvisst, men styresmaktene opplyser natt til sist søndag at 40 personar er døde som følge av brannen. 10.000 brannmenn kjempa lenge for å sløkke brannen, og har no kontroll over brannen, som enno ikkje sløkt. 6.000 bygningar vart øydelagde i brannen og guvernør Jerry Brown seier ifølge amerikanske media at øydeleggingane etter dei dødelege skogbrannane er utrulege.

– Det er verkeleg ein av dei største tragediane som California nokonsinne har stått overfor, seier han til amerikanske media.

Skulen vart evakueringssenter

Maria Grodås er i år utvekslingsstudent i California og har opplevd den dramatiske brannen i California. Nabolaget Maria bur i blei ikkje råka, men mange av dei som går på skulen hennar måtte evakuere og skulen er blitt gjort om til evakueringssenter.

Dette gjer at studentane i området ikkje har gått på skulen den siste veka.

– Heilt forferdeleg

– Søndagskvelden kjende vi lukta av røyk, men ikkje før måndag morgon skjønte vi kvar det kom frå. Brannen var då 50 min unna, men spreidde seg raskt med vinden. Når vi såg ut var gata fylt med røyk og utanfor låg sider frå ein brent bibel som hadde blåst heilt til oss. Vi køyrde gjennom ein av gatene der brannen nettopp var sløkt, det var heilt forferdeleg! seier Maria til Fjordingen.

– Der var brente bilar, hus, leikar og klede. Det såg ut som ei scene frå «the walking dead.»

Store øydeleggingar: – Å køyre gjennom området er som å køyre gjennom ei scene frå «The walking dead», seier Maria Grodås.
maske: Maria fortel at innbyggjarane måtte gå med maske når dei skulle ut.
Brente bilar: – Der var brente bilar, hus, leikar og klede, fortel Maria.

Nabolaga

Vertsmora til Maria hadde eit hus i eitt av nabolaga som vart råka av brannen.

– Dei hadde jobba i hagen på huset eit par dagar før, og no er både huset og hagen vekke, fortel Maria.

Vertsforeldra hennar kjente også eitt av dei eldre ektepara som ikkje klarte å komme seg ut av huset og deretter omkom i brannen.

– Det har ikkje påverka meg så veldig mykje, einaste er at vi måtte vere mykje inne og måtte bruke masker om vi gjekk ut, seier Maria Grodås.