Det nærmar seg ferdigstilling av Ugla–Skarstein-prosjektet på fV 60 i Stryn, men ifølge leiar av kontaktutvalet for Olden og Oldedalen, Ketil Finsås Hansen, er det noko vesentleg som manglar langs den relativt ferske asfalten.

– Vi er forundra over at Statens vegvesen ikkje har planar om å setje lys langs vegen. Dette er altså ein skuleveg for mange born, seier Hansen på vegne av kontaktutvalet som representarar storparten av Olden-bygda.

Trudde lys var sjølvsagt

– Ryktet gjekk fort i bygda då entreprenøren på vegen kunne opplyse om at det berre skulle setjast opp fire lys langs denne strekninga. Vi trudde det var ei sjølvfølge at ein ny veg i 2017 hadde gatelys. Eg kan ikkje begripe det, seier Andre Oppheim.

Sambygdingane vonar no at belysning, helst frå Nye Vangbergstunnelen til Olden sentrum, kan takast inn i sluttfasen av prosjektet.

Mørk veg

– Strekninga er mørk både haust og vår. På hausten er og førekomsten av tåke svært høg, seier Hansen som viser til handboka for veg – og gateutforming N100 der det står:

«Belysning Veg – og gatebelysning etablerast primært for å redusere ulykkesrisikoen i mørke».

– Når gang- og sykkelveg ikkje er etablert, vil ferdsel langs vegen bli einaste moglegheit for dei som bur her. Vegen er i bruk både for bilistar, syk-listar og fotgjengarar. Borna som bur langs denne vegen må nytte buss til og frå skulen. Dette vil skape ulykkessituasjonar som kan reduserast med gatebelysning, seier Hansen som har eit minstemål for lyssetting.

– Vi ønskjer belysning med fortetting dei siste 1.280 meterane inn mot Olden sentrum. Sekundær prioritering ved busstopp og store utkøyringar, seier han.

Statens vegvesen seier gatelys i tilfelle må bestillast.

– Gatelys ligg pr. i dag ikkje inne i bestillinga frå fylkeskommunen til oss i dette prosjektet, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Øystein Tytingvåg.