Fotballsesongen 2017 er over for våre lokale A-lag. Slik gjekk det i dei ulike  divisjonane.

3. divisjon damer

Med 21 poeng og 4. plass som endeleg tabellplassering for Stryn seier oppmann Olav Atle Øvreberg seg ganske så fornøgd med den prestasjonen.

- Vi har hatt om lag same tropp som i fjorårssesongen. Fleire unge har fått prøve seg, seier Øvreberg, som traff godt med tipset han kom med før sesongen vart sparka i gang i vår.

Laget avslutta sterkt, og særleg 2–1 sigeren over Høyang og 2–2 mot Sogndal, begge på bortebane, var gode resultat. Toppscorar for Stryn vart Hedda Vatn Øvreberg med seks mål.

4. divisjon herrar (Kretsligaen)

Stryn låg lenge an til opprykk til 3. divisjon, men Sogndal 2 sneik seg forbi etter mellom anna å ha tukta Stryn 4–1 på Stryn stadion i den nest siste serierunden.

Avtroppande trenar Johann Sigurdsson har tidlegare uttalt at han er fornøgd med å vere det einaste laget som gav Sogndal 2 reell kamp om førsteplassen i divisjonen. Mads Wie vart toppscorar i Kretsligaen med heile 31 scoringar.

– Eg seier meg godt fornøgd med 31 mål, berre litt kjipt at måla mine ikkje bidrog til opprykk, seier Mads Wie.

5. divisjon

I fjor vart Stryn 2 kretsmeistrar i 5. divisjon, men i år måtte laget ta til takke med 8. plassen.

– Eg er ikkje fornøgd med tabellplasseringa. Vi har vore sterke heime og svake borte. Men med tanke på å førebu dei unge spelarane på ein muleg A-lagsplass så er eg fornøgd med laget, seier trenar Martin Knutsen Dolvik, som neste sesong blir å finne i Arna Bjørnar.

6. divisjon

Oppstryn vart best av våre lokale lag med 4. plass, noko spelande trenar Tarald Harstad seier seg fornøgd med:

– Mykje bra på heimebane, men for få poeng på bortebane. Vi har likevel fått ein bra stamme av spelarar, med spelarar som er flinke til å møte opp på treningar og kamp, og det har vore mindre gjennomtrekk av spelarar i løpet av sesongen. Dette gjer meg optimistisk med tanke på neste sesong, og kanskje vi skal prøve med ei friskare målsetjing i 2018.

Loen/Vikane-trenar Asle Nesdal melder om ein skuffande sesong resultatmessig:

– Utruleg mykje skader, men vi har tviheldt på vår måte å spele fotball på der vi har prøvd å halde ballen i laget. Mange unge har fått sjansen, og det kjem til å bli mange gode spelarar frå Loen/Vikane framover.

Hornindal varierte resultatmessig, og særleg mot slutten vart det tungt. Men alt i alt er trenar Tom-Øyvind Solheim fornøgd, spesielt med vårsesongen: – Hausten har vore utfordrande med tanke på spelarstallen, men dei unge spelarane har gjort sitt ytterste både på trening og i kamp.