Helge Sunde kan gle seg over at operaen han skreiv på bestilling frå Opera Nordfjord vart ein dundrande suksess.

– Dette var ei fantastisk reise som førte meg tilbake til eit operahus som ligg 200 meter frå der eg er fødd. Kven skulle tru det! seier stryningen, som til dagleg er førsteamanuensis i komposisjon, arrangering og satslære for Norges musikkhøgskole i Oslo.

Kritikar: – Melodiske lydbølger

Sunde har fått mykje skryt for musikken sin. I «Sildagapet» har han bevega seg i eit sjangeroverskridande grenseland med assosiasjonar til både Grieg og Gershwin, og det har i anmeldelsar vore trekt parallellar til mellom anna dei store musikalane i Broadway sin gullalder. Eller som kritikar Maren Ørstavik skriv i kulturtidsskriftet «Ballade»:

«– Sundes musikk er fargerikt og lekent orkestrert, og gir assosiasjoner til klassiske Disney-filmer, melodiske lydbølger som i sitt konsept etterligner rullende bølgetopper og – daler, sjømannsviser, salmesang og vestlandske korpsmarsjer. Blandingen er sjarmerende og gir en samling referanser som får en viktig funksjon som brobygger mellom generasjonene.»

– Til alle på, bak og under scena

Helge Sunde seier han sjølv er svært takknemleg over at han fekk denne mogelegheita:

– Eg rettar ei stor takk til Kari Standal Pavelich som gav meg sjansen. Og til librettist Jostein Avdem Fretland, som serverte tekstar som på sølvfat, regissør Ronald Rørvik og hans fantastiske kreative team, alle på, bak og under scena, seier Sunde, og legg til:

– Og ikkje minst dei over 4.000 som kom i Operahuset på Nordfjordeid og såg på sildefangsten vår. At folk kjem og ser på er noko av det aller viktigaste. Vonleg har vi vore med og skaffa nye sjåarar også til operaen. Publikum som kjem igjen seinare, seier Helge Sunde.

Sildagapet: Snurpedans i Turnhallen og kjenslefylt møte mellom solistane Inga frå Byrkjelo (Martha Pavelich) og Håkon frå Silda (Eivind Kandal).

Brei omtale hos Fiskarlaget

Og operaen hans har i alle fall pløgd nytt land for Opera Nordfjord når det gjeld presseomtale: Det er nok første gongen ein heilaftens opera har fått brei omtale hos Fiskarlaget!

Men etter at dei siste framsyningane gjekk for stappfulle hus, er det no punktum finale for sildeoperaen. Eller for å seie det med Helge Sunde si eiga formulering:

– Snipp-snapp-snute, så var sildeeventyret ute!

Sildagapet: Snurpedans i Turnhallen og kjenslefylt møte mellom solistane Inga frå Byrkjelo (Martha Pavelich) og Håkon frå Silda (Eivind Kandal). Foto: Opera Nordfjord/Øystein Torheim