Politiet opplyser at dei i går kveld måtte hente ein overstadig rusa person ved busstasjonen i Stryn.

I Olden vart ein mann i 20-åra kranglete på ein utestad. Vedkomande forlet uteplassen før politiet kom til staden, opplyser politiet på Twitter.