Hornindal kommune er positive til at det vert sett i gang utgreiing av grensejustering av Bjørke i Ørsta kommune.

Det seier kommunen i ei fråsegn til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Rådmann Ann Kristin Langeland presiserer i skrivet til fylkesmannen at saka ikkje har vorte handsama politisk i Hornindal kommune, men at ho er forankra hos gruppeleiarane i dei ulike politiske partia som er representerte i kommunestyret i Hornindal.

Det er ei gruppe yngre menneske i Bjørke-området som har kravd at det vert sett i gang eit utgreiingsarbeid om grensejustering. Dei ynskjer å få Bjørke-området som ein del av den nye Volda kommune, som også Hornindal vert ein del av.

Dei som har teke initiativet til arbeidet med grensejustering har nytta seg av retten til innbyggjarinitiativ.