Handballherrane til Stryn jaktar sin første siger i 2. divisjon. I helga får dei to sjansar.

Stryn har hatt stang ut i sesong-innleiinga og står med eitt poeng på tre kampar. For mange tekniske feil, særleg i avgjerande fasar av kampane, har kosta dyrt. Laurdag og søndag får Oli Sveinsson sitt mannskap sjansen til å kapre nye poeng.

Best sjanse laurdag

Laurdag møter Stryn tabellnabo Bergen HK i Strynehallen.

– Vi må finne oss i at alle motstandarar i denne divisjonen er tøffe. Målsettinga er å vinne på laurdag, og ofre seg heilhjarta i den kampen. Så får vi ta oppteljing etterpå, seier Sveinsson. Søndag står Bjørnar for tur, eit lag som står med fire strake sigrar så langt.

– Bjørnar blir ein veldig sterk motstandar, men det blir ein artig utfordring for oss som vi tek som bonus, fortel Sveinsson, som har eit håp om at dei tekniske feila no blir færre:

– Klarar vi færre enn ti feil så nærmar vi oss godkjent på den biten.

Oddbjørn Håvik er tilbake frå skade, men Runar Walaker er usikker. Nicolas Bakkebø spelar ikkje i helga.