Avinor ynskjer å ha hand om meir areal på flyplassområdet på Hovden.

– Frå gammalt av var det Ørsta og Volda kommunar som løyste ut arealet til flyplassen i Hovdebygda. Etter kvart tok Luftfartsverket (seinare Avinor) over drifta av flyplassen og eigarskapen, men framleis er mykje av arealet i kommunal eige, fortel lufthamnsjef Sverre Bae.

Difor har det nokre år vorte arbeidd med eigarskifte for fleire område ved flyplassen.

– Det er ein prosess som ikkje har gått særleg raskt. Det er vel rett å seie at det har gått tregt både hos Avinor og hos kommunane. Frå Avinor si side er det ynskjeleg å ha eigarskapen til arealet, med tanke på utvikling på lang sikt. Vi har ein interessent innan luftfart som er interessert i areal. Men dette har såpass langt perspektiv at det handlar om utvikling etter at Voldatunnelen er bygt.