Dale går hardt ut mot Statens vegvesens oppfordring torsdag til bøndene om å la traktorar stå eller frakte dei på lastebilar.

– Det er ei meiningslaus utsegn. Ein utopi. Det er ikkje aktuelt å tvinge nyttetransport som traktorar over på lastebilplan, seier landbruksminister Jon Georg Dale til [URL]Nationen;http://www.nationen.no/landbruk/slutt-a-dromme-om-traktor-pa-lastebil/[/URL].

Vigdis Lobenz, leiar for plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, har tidlegare anbefalt bøndene i fylket å la traktorane stå eller frakte dei på lastebilar. Det var avisa [URL]Firda;https://www.firda.no/nyheiter/naustdal/samferdsel/her-skjer-det-dagleg-farlege-nestenulykker/s/5-15-409765[/URL]som først omtalte saka.

– Eg veit om veldig få bønder som synest det er artig å vere på vegane med traktoren. Dei har ein jobb å gjere i norsk matproduksjon, og vegmyndigheitene må legge til rette for dette, seier Dale.

Bøndene i Sogn og Fjordane Bondelag krev fleire avkøyringslommer for å unngå køar og ulykker.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen Guro Ranes meiner bønder og bilistar må tole køar.

– Eg kan godt forstå at bøndene vil ha fleire avkøyrsler, men det er stor risiko knytt til å køyre av og på vegen. Dei som køyrer traktor, opplever at dei er til hinder i vegen, men det er betre med kø enn å risikere ei ulykke, seier Ranes.

(©NPK)