Pengane som blir samla inn i årets TV-aksjon går til UNICEF, og i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale var aksjonsleiar i Stryn kommune, Torstein Tvinnereim, og resten av "teljekorpset" i full gang med å ta imot bøsseberarane frå alle bygdelaga då Fjordingen var innom i 18-tida.

- I alt har vi 95 bøsser ute. Mange av bøsseberarane har med seg ungane sine, og 8-10 har med seg ein flyktning på runden, seier Tvinnereim.

Mette Carlsen kom med bøsser frå Utvik, og ho kunne melde om at gjevargleda var stor:

- Bøsseberarane har fått gode tilbakemeldingar, gjevargleda har vore stor og folk har venta på bøsseberarane.

Hilde Ullebø Hool hadde med seg Nourieh Hazareh frå Afghanistan på sin innsamlingsrunde i Kreklingen i Stryn.

- Eg er med kvart år, alle bidreg, seier Hool.

- Og nordmenn er veldig snille, fortel Nourieh med eit smil.

TV-aksjonen sitt mål er å gje barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudantilgang på læring. Eit av fem barn i krigs- og konfliktområde ståri dag utan skulegang. Dette jobbar Unicef hardt og målretta for åendre, dei meiner at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunnav vaksnes krig og konfliktar.

- Mange har nytta seg av mulegheita til å vippse pengar til TV-aksjonen, seier Odd Kjetil Tonning i Sparebanken.

Meir om innsamlingsaksjonen i tysdagsavisa.

Håvard Tonning legg myntar i teljemaskina. 14-åringen har vore med å telje opp bidrag til tv-aksjonen i mange år allereie. Foto: Thomas Thaule
Hilde Ullebø Hool hadde med seg Nourieh Hazareh på innsamlingsrunde i Kreklingen i Stryn. Foto: Thomas Thaule