Del 3

Støylslivet

Støylane var ein naturmagnet i gutelivet. Det å ha desse fjell-juvelane på rekkje og rad i nære omgjevnader, frå Raufjell, Smørdalen og til Sølvbergsstøylen, var eventyrleg stort. Sommar som vinter. Til fots og på ski. Men som det om vinteren var skiløypene som trakk, var det om sommaren sjølve støylslivet som fenga. Alle «gjekk til støyls» i dei dagar, og budeiene, som gjerne berre var unge jenter, var på plass kvar kveld og natt i støyls-sesongen. Morgonen var det, etter melking, siling og litt rjømeask-setting, å ta hølkjet på ryggen og skunde seg, unnabakken ned og heim, der slåttonna venta.

Som gutunge var det miljøet, angen av fjøs og kyr og kyramøk, og den særeigne sel-lukta av nysila mjølk, av syrna rjømeaskar og av einebrasane i omnen, som var så himmelsk. Og så var det naturen og fjellroa. Seinare, som meir tenåring og ungdom, var det meir sosialt, og då var det meir budeie-jentene som trakk.

All ungdomen skulle på støylen laurdagskvelden. «En lenges så ofte, en møtes så sjelden, men nå er det gudskjelov gudskjelovkvelden», syng Book Jensen. Ein har så mangt eit minne frå denne tida. Litt flørt, måtte det også vere med, samt også islett av sjalusi. Alle kunne ikkje alltid målbinde prinsessa. Og å «ligge over» her, var ikkje alltid like beinkløyvd. Men ei sommarnatt skulle vel ikkje vere så umuleg å tilbakelegge, uansett.

Ja, sosialt, var nøkkelordet. Og romantikk! Grammofon på vollen, og mangt eit flørte-ert og peik. Som då jentene låste døra, medan gutane like gjerne tok ut heile glasfaget. Ein multi-fallekniv kjem alltid godt med i slike høve.

Ungdomslagstur til Hyen

Men støylshelg aldri så mykje, så var det også rom for andre eventyr. Som då ungdomslaga på «nordsida» samla seg for ein fest-tur til Hyen. Ja, vi var innbodne, og vi skulle stå for underhaldninga. Men å samle seg i flokk for ein slik langutfart og langhelg, var ikkje berre berre, men sjå om ikkje budeiene fekk helgefri, og det laga seg med storsamling. Fjelli skulle spele skodespel, bonderomantikk, sjølvsagt.

Men som det var viktig for oss gutane å få med alle jentene, batt det seg i visse heimar. Mellom anna var «Markus-terna» lite villeg til å bli med.

Slik sessa Fjelli-ungdomen seg bak på Morris-planet, og med «melkerute-drengen» bak rattet blei det reine fest-skyssen innover Fv 613. (kfr. Melkeruta og Kårstadbilane, og sommarvikaren bak rattet, Fjordingen 30. desember 2016)

Komen til Ulvedal svinga han like godt tvert venstre og opp dei krappe, smale og bratte svingane, like opp på Markustunet, og til to meter frå inngangsdøra. To karar gjekk direkte inn for å hente terna. Og etter eit kort bel kom dei alle ut, og terna løfta i triumf, opp på planet til dei andre, under fagna jubel! Jenta var heilt måpande, men storleg stolt over å bli vist slik ære, tenk å få bli æres-henta like ved døra, til jubelklapp frå heile venegjengen!

Så barst det i Lødemel-båten for den lange reisa ut Nordfjorden og inn Hyenfjorden. Ei lasteskøyte med ope framdekk og einsylindra glødehodemotor, nytta til alt frå transport til kyrkjereiser over fjorden. Plassert på dekket, utan noko form for vær-skjerming eller sitjeplassar for høvet. Men når veneflokken er stor (no var også Blaksetbygdarane komne med), vêret er fint og humøret er på topp, er det ingen sak. Ei minnerik og flott reise blei det. Skodespelarane nytta forresten høvet til å øve nede i lasterommet.

I Hyen blei gjestene hjarteleg mottekne på kaia av ei heil bygd, og plasserte for overnatting i private heimar. Ein kjempefest blei det, med same «heile bygda» på plass i ungdomshuset. Nok eit eventyr, med anna med utflukt til Nesholmen på søndag, før same sjøreisa inn igjen «i fjorden». Der Morrisen vår stod parkert og venta. Men det er ikkje å undrast at det var meir eit lass med trøytte fuglar opp bygda, på heimvegen.

Dette er del 3 av «Spreidde glimt frå ungdomstida». Del 1 stod på trykk 19. september og del 2 den 29. september. Del 4 følgjer.

Frå Ulvedalstøylen: Dei brunbarka laftesela talar enno. Foto: Privat
Vener: Vener i det naturfrie. . Foto: Privat
«Kårstad-Morrisen»: Ein av mjølkebilane, også mykje nytta til persontransport. Foto: Privat