Næringslivet presiserer at dei gjerne betalar eigedomsskatt i Stryn, men reagerer på omfanget av informasjon dei skal gje frå seg om maskiner og driftsutstyr som dei ikkje meiner er relevant som grunnlag for eigedomsskatt. Stryn Næringssamskipnad hadde difor invitert sentrale næringslivsaktørar, ordførar, rådmann og partileiarar i kommunen til rundebordskonferanse i Stryn kulturhus torsdag.

Stengt ute av næringslivet

Industritaksering AS har fått beskjed av næringslivsaktørar om at dei ikkje slepp inn dørene før eit klart grunnlag for ei taksering er på plass i samråd med oppdragsgivaren som er Stryn kommune.

Takseringsfirmaet, med base i Drammen, har ikkje fått utført jobben sin i Stryn fordi dei er nekta tilgang for synfaring i dei aktuelle verksemdene i Stryn. Årsaka er altså at næringslivet i Stryn meiner informasjonen dei skal innrapporterte er langt utover det som er relevant for ei taksering.

– Det ville dessutan tatt dagevis å hente inn den informasjonen dei spør etter, sa ein tydeleg engasjert møteleiar Terje Bjerkan i PWC.

Oppheta diskusjon om lovverk

– Vi ønskjer å vite kva retningslinjer Stryn Kommune har gjeve konsulentane som skal gjere retakseringa, og kva verkemiddel de har for å justere eigedomsskatten, sa Bjerkan.

På vegne av kommuneadministrasjonen og Industritaksering måtte rådmann Rune Hovde forsvare prosessen kring retakseringa av eigedomsskatten som skal gjennomførast.

Fekk kritikk Rådmann Hovde og kommuneadministrasjonen fekk kritikk som oppdragsgivar Foto: Roger Oldeide

Rådmannen viste gang på gang til lovverket som bakgrunn for at takseringsfirmaet skal hente inn informasjon.

– Det er dei som har kompetanse på dette, sa rådmannen.

– Dei kan spørje om kva slags maskiner som er ein del av bygget. Slik slepp vi å ta med kvar einaste maskin, kvart einaste prosesskart og flytskjema, sa Bjerkan i det som vart ein tidvis oppheta diskusjon.

Dagleg leiar i Stryvo, Jostein Bøe, fortalde kva takseringsfirmaet spurde om etter ei synfaring i eit produksjonsbygg.

Møteleiar Terje Bjerkan i PWC leia møtet der det tidvis vart oppheta diskusjon om kva informasjon som skal ligge til grunn for utrekning av eigedomsskatt. Foto: Roger Oldeide

– Dei bad mellom anna om tomteareal, arealoversikt over alle bygg, oversikt over forsikringar, maskinoversikt, maskinregister, sertifikat over traverskranar, dagens nyprisar på kranene og skildring av trykkluftanlegg, men dei spør ikkje om dette er knytt til eigedomsselskap eller produksjonsselskap, sa Bøe som og etterlyste eit tydeleg regelverk.

– Skal ta eit skritt tilbake

Ordførar Sven Flo sa han tek desse signala på alvor.

– Eigedomsskatten er uansett noko som kjem, men prosessen er noko vi kan gjere noko med. Som ordførar tek eg dette innover meg på vegne av kommunestyret som har vedtatt retaksering i Stryn, sa ordføraren.

Flo sa han vil ta initiativ til eit møte med gruppeleiarar og rådmann.

– Vi vil setje oss ned og finne ei fornuftig løysing på dette, sa Flo.

– Vanleg å ta møte før taksering

– Grunnlag for taksering er ein stor politisk sak som har versert sidan 2012, då det vart etablert ein høyring frå Finansdepartementet om å ta maskiner ut av grunnlaget for eigedomsskatt for verk og bruk. Det seier Nils Ivar Hole, dagleg leiar i Industritaksering AS.

– Prinsippet i dagens regelverk er at ein skal betale eigedomsskatt av bygg, tomt og maskiner i den grad dei er integrerte i bygg eller prosess. Høyringsutkastet frå 2012 er bearbeida, og forslag til statsbudsjett for 2018 inneheld forslag til endring der maskiner i grove trekk vert tekne ut av skattegrunnlaget, seier Hole.

Han seier det er enno eit viktig punkt i denne saka, nemleg kravet til informasjon som blei endra ved lov om eigedomsskatt med verknad frå januar 2013.

– Denne paragrafen behandlar detaljert kva plikter skattytar har i forhold til informasjon til taksator og kommunen sitt skattekontor.

— I mange andre kommunar har vi vald å ta møte med næringslivsforeiningar før arbeidet med taksering startar opp. I Stryn vart det ikkje slik, av ulike årsaker. I ettertid kan vi vere samde om at det var uheldig. No må vi i fellesskap finne ut av dette, seier Hole.