Det er oppsiktsvekkjande å lese i Fjordingen at både administrasjonen og politikarane i Stryn ynskjer å legge meir vekt på viltforvaltning, trafikknutepunkt og strategisk overordna planlegging enn omsynet til innbyggjarane i Kjøs. I saksutgreiinga til rådmannen i Stryn er det peika på at det for innbyggjarane i Kjøs vil bli lenger til kommunale tenestetilbod om grensa skulle bli flytta, men i framlegg til vedtak er dette ignorert og dermed heller ikkje lagt noko vekt på.

Når eit samrøystes formannskap vel å støtte rådmannen si tilråding, på ei såpass tynn saksutgreiing, fortel det at iveren etter å « annektere» land og nye innbyggjarar totalt overskuggar det faktum at dei går inn for ei justering av grensa som fleirtalet av innbyggjarane i området er imot.

Dette er alvorleg av fleire årsaker. Først og fremst fordi strynepolitikarane vel å setje seg opp mot demokratiet i området der det no vert vurdert grensejustering – i dagens nabokommune. Hadde det vore eit fleirtal av innbyggjarane i Kjøs grunnkrins som ville byte kommune, hadde det vore forståeleg. Når det tvert i mot er eit fleirtal som ønskjer å halde fram i Hornindal kommune, er dette ufint, og set den gode naboskapen til Hornindal og nye Volda kommune på prøve.

Hadde problemstillinga vore motsett, der Hornindal mot folkeviljen i området hadde teke til orde for å leggje inn under seg området til og med Faleide, ville det garantert blitt kraftige reaksjonar i Stryn.

Eg merkar meg at ordførar Sven Flo, i følgje Fjordingen sitt referat, hevdar at det har «vore ein løpande dialog» mellom Stryn og Hornindal i saka om grensejustering.

Det får stå for hans rekning. Eg kan avkrefte at det har vore nokon formell kontakt om dette temaet på politisk nivå, slik det burde vore, og slik eg merkar meg at det har vore mellom Stryn og Skjåk i saka om Videseter.

Vedtaket i Stryn formannskap vitnar om lite respekt for det fleirtalet i Kjøs meiner om grensejusteringa, og dei overser også det faktum at Hornindal kommunestyre har teke Maursetgrenda på alvor – om å bli ein del av Stryn kommune. Jf. rådmannen si tilråding til kommunestyret. Slik eg ser det vitnar det om at Hornindal kommunestyre er løysingsorienterte og truleg aksepterar at fleirtalet på Maurset skal få innvilga ynskjet sitt om å bli ein del av Stryn kommune. Dette burde bli møtt med velvilje og forståing også frå Stryn, men i staden krev dei mykje meir enn det fleirtalet av innbyggarane i Kjøs meiner. Det er repektlaust!

Stig Olav Lødemelordførar i Hornindal