Det vart arrangert karrieredag ved Stryn vidaregåande skule tysdag. VGS- elevane, samt 10. klassingar frå Stryn, Hornindal og Olden, kunne besøke ni ulike stands som representerte ulike yrkesgrupper og studieretningar. Mange talte for sine yrkesval og kunne lokke med varierte arbeidsoppgåver i ein spennande kvardag.

Elevane høyrde mange sterke argument for alle studieretningar tysdag, men mange ungdomar som Fjordingen snakka med er usikre i sine komande studie- og yrkesval.

– Eg har inntrykk av at dei fleste ikkje er sikre på kva dei vil bli. Andre har vore sikre sidan barneskulen, seier Thomas Beinnes (17). Sjølv har han tenkt å bli politi.

– Eller vektar, eg er ikkje sikker, seier han. Kameratane frå Stryn har kvar sine ønskjer om kva dei vil drive med i framtida.

– Eg satsar på å bli skiløpar. Eg har ikkje tenkt på noko anna enno, seier kameraten Kent Ove Sæten.

– Eg trur eg vil bli tømrar, seier Johan Ytreeide.

– Enormt behov for arbeidskraft

Inne i skulen si eiga leilegheit for velferdsteknologi, kunne elevane få sjekka både blodsukker og blodtrykk medan dei fekk høyre om arbeidsoppgåvene og om behovet som finst for arbeidskraft innan helsefaget. Sjukepleiar og fagleg ansvarleg for lærlingane i Stryn, Ann Kristin Bergset, seier behovet for arbeidskraft i helsesektoren er enormt.

– Ein er nærast sikra jobb i dette yrket. Behovet er enormt og det blir berre større med ei aldrande befolkning. Helsefag er eit trygt val, seier Bergset. Ho legg til at det og er langt fleire gutar som vel helsefag no enn tidlegare. Ein av dei er lærlingen Tord Bruland (23) frå Utvik.

– Eg kan trygt anbefale dette yrket.

Det er eit veldig givande arbeid med det å få arbeide med menneske. Gevinsten er stor, samstundes som det er ein trygg og god jobb, seier Bruland medan han sjekkar blodtrykket til eleven Renas Haji Ibrahim.

– Eg trur mange er usikre, men eg skal bli helsefagarbeidar. Det er ein viktig jobb, konkluderer Renas.