Måtte korte ned på vogntoget

Nyhende

Ein førar fekk bruksforbod for vogntoget han køyrde då han torsdag vart kontrollert ved Kjøs bru. Vogntoget var for langt og måtte kortast ned til lovleg lengde før han fekk køyre vidare, opplyser Statens vegvesen i sin rapport.

I same kontroll fekk ein førar advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida og ein fekk bruksforbod for gjenstandar i siktsona. Han fekk ikkje køyre vidare før frontvindauge var rydda. Totalt vart 27 køyretøy kontrollerte.

Også på Folven vart det gjennomført kontrollar torsdag. Åtte køyretøy vart kontrollerte og eitt gebyr vart skrive ut for manglande førarkort. Ein førar fekk også bruksforbod grunna siktforholda.

I ein kontroll ved Kjøs onsdag vart det skrive ut gebyr for manglande vognkort, ein førar vart anmeldt for brot på kviletidsreglane og ein førar fekk bruksforbod grunna sikthindring.