Det var tett mellom trolla i Stryn sentrum fredag. Eit langt opptog av småtroll vandra frå Strynehallen og gjennom gata på føremiddagen, med kulturhuset som endestasjon. Her skulle dei trollkledde barnehageungane på kino, og på plakaten stod sjølvsagt filmen Trollz.

Barnehagar frå heile kommunen var invitert til å delta, og opptoget var første programpost på eit svært innhaldsrikt Kulturnatt-program som skal fylle heile helga i høve 10-årsjubileet til arrangementet som finn stad i alle nordfjordkommunane.

I Stryn og Hornindal ventar det konsertar, lygarkveld, kino, utstillingar, bokslepp og mykje meir dei neste timane og dagane. Ungdomslag, kor, korps, kunstlag, turlag og andre er involverte i den storstilte kulturmarkeringa.

Toget gjekk frå Strynehallen og ein runde gjennom gata før kino i kulturhuset.
Opptoget av barnehageborn vart trygt eskortert av politiet, med bil både i front og bak.