Stryn sitt 3. divisjonslag i handball for damer tek turen til Florø på laurdag og det som er sesongens første lokaloppgjer.

Etter å ha innleia sesongen med to tap står Stryn med ein uavgjort og ein siger på dei to siste kampane. Særleg i siste kamp borte mot Voss lausna det spelemessig, og laget fekk ein skikkeleg opptur i 30–25 sigeren. Forsvarsspelet sat mykje betre enn tidlegare, og laget fekk utnytta dei raske spelarane i overgangsspelet.

Tre på rad

Kampen mot Florø innleier ein periode der lokaloppgjera ventar på rekkje og rad for damelaget. Med kampar også mot Dale og Gloppen før divisjonen tek juleferie ligg det an til spennande og tette oppgjer for trenar Leon Pavlovic sitt mannskap.