Stryn sine handballdamer i 3. divisjon tok ein ny siger då dei møtte Florø i den femte serierunden laurdag ettermiddag. I borteoppgjeret vart det 21-17.

Christine Tøsse Humborstad vart laget sin toppscorar med ni mål. Men laginnsatsen var avgjerande for to poeng i denne kampen.

-Eg er veldig fornøgd med forsvaret i dag, seier trenar Leon Pavlovic.

Stryn har teke alle sine fem poeng på dei siste tre kampane og ligg no på fjerdeplass på tabellen. Årstad leier med sine åtte poeng, men har ein kamp mindre spela.