I åra framover må vi bu oss på meir ekstremvêr, meiner klimaforskar. Her frå då bølgjene slo langt inn over land på Grodså, 1. juledag 2015. (Illustrasjon)
            (Foto: Bengt Flaten/Arkiv)

I åra framover må vi bu oss på meir ekstremvêr, meiner klimaforskar. Her frå då bølgjene slo langt inn over land på Grodså, 1. juledag 2015. (Illustrasjon)Foto: Bengt Flaten/Arkiv

Klimaforskar: Deler av Vestlandet vil ikkje få snø i framtida

Åtvarar om varmare og villare vêr

Vi kan vente oss varmare vintrar, meir regn og ekstremvêr her til lands i åra framover, ifølgje klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

– Vi kjem til å få ein lengre haust og tidlegare vår. Vintrane blir kortare, med meir uvêr og nedbør i form av regn. Område av landet, spesielt Vestlandet, kjem ikkje til å få snø, seier klimaforskar Ketil Isaksen, ifølgje Klassekampen.

Under Svalbard Science Conference på Fornebu denne veka orienterte han om kva vi kan venta oss framover.

– Norge har alt blitt 1 til 1,5 grader varmare. Auken er sterkast i nord, held Isaksen fram, men peikar også på positive konsekvensar.

– Jordbruket merkar alt ein lengre vekstsesong. Samtidig vil auka nedbør kunne føre til meir flaum og ras, og dei problema det fører med seg, seier klimaforskaren.

Mykje av klimaforskinga går føre seg på Svalbard. På 15 år har øygruppa blitt mellom seks og ti grader varmare. I 83 månader på rad har gjennomsnittstemperaturen vore over normalen.

Vatnet i dette området har blitt varmare både sidan Golfstraumen pressar opp varmare vatn frå Atlanterhavet, og havisen blir redusert i omfang. Det har også fått konsekvensar for fisken. Torsken trekkjer nordover mot kaldare vatn, og artar som sild, lodde og makrell opptrer no i fjordane på Svalbard.

Samtidig har ikkje Isfjorden, der Longyearbyen ligg, hatt is sidan 2008.

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Dagens leiarartikkel:

Kommunevåpen

Kommunane:

Dyrare og dårlegare utan maskinskatt

Dersom forslaget om å fjerne maskinskatten går gjennom, må det kompenserast med andre skattar eller dårlegare tenester, åtvarar fleire kommunar.

Vil gi utstyr til TIP-linje

Næringslivskrefter i Stryn vil strekkje seg langt for å få på plass TIP-linje i Stryn.

Gamle Innvik ullvarefabrikk ønskjer kommunal støtte:

Søkjer om 50.000 kr

– Næringslivet reagerer på TIP-tilrådinga

Næringslivet lokal reagerer på fylkesdirektøren si tilråding om TIP (teknikk og industriell produksjon) komande skuleår.

Dagens leiarartikkel:

Kommunevåpen

Kommunane:

Dyrare og dårlegare utan maskinskatt

Dersom forslaget om å fjerne maskinskatten går gjennom, må det kompenserast med andre skattar eller dårlegare tenester, åtvarar fleire kommunar.

Vil gi utstyr til TIP-linje

Næringslivskrefter i Stryn vil strekkje seg langt for å få på plass TIP-linje i Stryn.

Gamle Innvik ullvarefabrikk ønskjer kommunal støtte:

Søkjer om 50.000 kr

Loen - Rake

Gang- og sykkelveg nedprioritert

– Prioriteringa er basert på grove faktafeil, seier Haldor Hove i Loen Utviklingslag.

Stor nedgang i fråværet

Ferske tal syner stor nedgang i fråværet ved dei vidaregåande skulane.

Mister dagens breibandsløysing

- Kva slags policy er dette? spør Telenor-kundar i Hjelledalen og Oppstryn