Ein bil med fire ungdomar på veg frå Sunnmøre til Bergen fekk ein ufrivillig stopp på fv 60 i indre Hornindal søndag kveld.

- Plutseleg styrte bilen rett utfor asfaltkanten, og dermed stod vi bom fast, fortalde sjåføren til Fjordingen medan dei venta på hjelp til å kome seg opp att.

Fv 60 gjennom indre Hornindal er nyasfaltert, samtidig som grøftene er reinska opp. Dermed er asfaltkanten og blitt ekstra høg mange stader. Søndag kveld var det snø- og slapseføre og glatt vegbane. Ingen kom til skade i uhellet.

I krysset til Seljeset køyrde ein nederlandsk trailer seg fast noko tidlegare på kvelden. Då Fjordingen kom til staden hadde vogntoget kome opp på vegen og kunne halde fram turen retning Stranda.