Bilen sklei utfor asfaltkanten og følgde grøfta ei god stund før bilen vart ståande fast.
            (Foto: Bengt Flaten)

Bilen sklei utfor asfaltkanten og følgde grøfta ei god stund før bilen vart ståande fast.Foto: Bengt Flaten

Sklei utfor asfaltkanten på fv 60

Ein bil med fire ungdomar på veg frå Sunnmøre til Bergen fekk ein ufrivillig stopp på fv 60 i indre Hornindal søndag kveld.

- Plutseleg styrte bilen rett utfor asfaltkanten, og dermed stod vi bom fast, fortalde sjåføren til Fjordingen medan dei venta på hjelp til å kome seg opp att.

Fv 60 gjennom indre Hornindal er nyasfaltert, samtidig som grøftene er reinska opp. Dermed er asfaltkanten og blitt ekstra høg mange stader. Søndag kveld var det snø- og slapseføre og glatt vegbane. Ingen kom til skade i uhellet.

I krysset til Seljeset køyrde ein nederlandsk trailer seg fast noko tidlegare på kvelden. Då Fjordingen kom til staden hadde vogntoget kome opp på vegen og kunne halde fram turen retning Stranda.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Dagens leiarartikkel:

Kommunevåpen

Kommunane:

Dyrare og dårlegare utan maskinskatt

Dersom forslaget om å fjerne maskinskatten går gjennom, må det kompenserast med andre skattar eller dårlegare tenester, åtvarar fleire kommunar.

Vil gi utstyr til TIP-linje

Næringslivskrefter i Stryn vil strekkje seg langt for å få på plass TIP-linje i Stryn.

Gamle Innvik ullvarefabrikk ønskjer kommunal støtte:

Søkjer om 50.000 kr

Dagens leiarartikkel:

Kommunevåpen

Kommunane:

Dyrare og dårlegare utan maskinskatt

Dersom forslaget om å fjerne maskinskatten går gjennom, må det kompenserast med andre skattar eller dårlegare tenester, åtvarar fleire kommunar.

Vil gi utstyr til TIP-linje

Næringslivskrefter i Stryn vil strekkje seg langt for å få på plass TIP-linje i Stryn.

Gamle Innvik ullvarefabrikk ønskjer kommunal støtte:

Søkjer om 50.000 kr

Loen - Rake

Gang- og sykkelveg nedprioritert

– Prioriteringa er basert på grove faktafeil, seier Haldor Hove i Loen Utviklingslag.

Stor nedgang i fråværet

Ferske tal syner stor nedgang i fråværet ved dei vidaregåande skulane.

Mister dagens breibandsløysing

- Kva slags policy er dette? spør Telenor-kundar i Hjelledalen og Oppstryn