If Skadeforsikring seier forsikring kan bli dyrare som ein konsekvens av større skadar på grunn av meir nedbør.

– Vi lever i ei verd der det skjer noko med vêr og klima som vi i forsikringsbransjen merkar gjennom tala og statistikkane våre, seier kommunikasjonsrådgjevar Sigmund Clementz i If Skadeforsikring til Nationen.

If har rundt 3,6 millionar kundar i Norden og Baltikum. Clementz strekar under at prisane vil auke på sikt dei neste tiåra.

– Prisane på forsikringane vil kunne bli dyrare som ein konsekvens av meir omfattande skadar på grunn av auka nedbør, men på sikt over dei neste tiåra, seier Clementz.

I snitt har utbetaling per skadetilfelle dobla seg dei siste fem åra samanlikna med gjennomsnittet dei siste 32 åra.

– Forsikring dreier seg om å handtere risiko. At det blir flaum eller styrtregn, er ikkje noko som overraskar oss. Vi har teke høgde for ulike vêrsituasjonar i budsjetta våre. Den store hendinga i år er alt vatnet på Sørlandet. Det som er nytt, er at flaumane skjedde på nytt to og ein halv gong, seier Clementz.

(NPK)