Nominerte til fylkeskulturprisen

Helge Sunde, Asbjørg Hustveit Sølvberg og Arne M. Sølvberg frå Stryn kommune er blant dei som er nominerte til årets fylkeskulturpris.

Arne M. Sølvberg (t.v.), Asbjørg H. Sølvberg og komponist Helge Sunde er alle nominerte til fylkeskulturprisen. Her frå øvingane til operaen Sildagapet.  Foto: Opera Nordfjord

Nyhende

Det var kome inn 15 forslag til fylkeskulturprisen i år, då fristen for å nominere kandidatar gjekk ut 1. november.

Også i fjor kom det inn 15 forslag. Årets kandidatar representerer mange kulturområde og syner stor breidde i kulturarbeidet i fylket. Hovudutval for næring og kultur gjer vedtak om kven som skal få prisen 21. november.

Desse er nominerte:

• Teaterfestivalen i Fjaler/Torkil Sandsund/ Miriam Prestøy Lie

• Eirik Molnes Husabø

• Terje Rognsø

• Førde volleyballklubb

• Finn Loftesnes/ Oddleiv Apneseth

• Geirr Vetti

• Helge Sunde

• Erlend Apneseth

• Jan Ketil Smørdal

• Reodor TV/Frode Steen/Daniel Dvergsdal

• Per Øyvind Sørbø

• Otto Søvik

• Ketil Torbjørnsen

• Kristin Sønnerheim

• Arne M. Sølvberg/ Asbjørg Hustveit Sølvberg