Omlag ti born deltok på det to timar lange kurset der det var lyninnføring i blant anna hip-hop og ballett. Det var mest jenter, men også eit par gutar var med på hip-hop delen.

Stryn har mykje å tilby på kulturfeltet, men ikkje denne typen dans. Det har kanskje kurshaldarane Luis Daio og Suzanna Sila tenkt å gjere noko med. Paret er i gang med å undersøke mulege lokale for ein danseskule og håpar at dei kan få til noko i Stryn.

– Det er det som vil avgjere kor lenge vi blir verande her, seier dei to, som kom til Stryn for berre ein månad sidan. Daio er frå Portugal og bror til tidlegare spelar for Stryn handball, Patricia Daio Correia.

Luis Daio (27) og Suzanna Sila (21) kom til Stryn for ca 1 mnd. sidan. Daio er bror til tidlegare spelar på Stryn sitt handballag, Patricia Daio Correia (midten).