– For ein mindre kommune som typisk blir innlemma i ein bykommune, vil avstandane frå kommunesentera og utover til område med mindre befolkning truleg bli prega av mindre kunnskap og mindre merksemd. Dessutan vil det vere ein tendens til at sterke enkeltpersonar og interessegrupper frå periferien i kommunen går rett på sentrale politikarar og administrasjon og "hoppar over lokalsamfunnet", seier Nils Aarsæther, professor i samfunnsvitskap ved Universitetet i Tromsø,

Aarsæther har lokalt demokrati som forskingsfelt og har skrive artikkelen "Sammenslåtte kommuner- positivt for regional utvikling?" i boka "Folkestyre eller elitestyre?". Boka tek for seg kommunesamanslåing og freistar å sjå på ulike konsekvensar av kommunereforma som no går føre seg.

Periferien blir meir perifer

Aarsæther peikar på at lokaldemokratiske mekanismar kan komme til å bli sett ut av spel i tilfelle der mindre kommunar blir innlemma i ein bykommune.

– Nesten ingen, verken politisk eller administrativt sentralt, vil kunne stille opp med kunnskap som sikrar det vi kan kalle ein ansvarleg respons frå kommunen når det gjeld lokale saker "der ute". Dette problemet vil bli forsterka over tid, ettersom partia etter nokre periodar ser seg lite tent med å fronte lokalvalet med nominerte frå område med liten folkesetnad, fortel Aarsæther

Han trur likevel at prosessen blir meir skånsam i dei tilfella der det er fleire mindre kommunar som slår seg saman.

– For desse kommunane vil konsekvensane av større avstandar truleg bli mindre, fordi dei enkeltvis har opparbeid ferdigheiter over lang tid på å takle avstand og å ta omsyn til svakt folka område. Desse kommunane vil også ha "areal som spesialitet" i den forstand at utmark, beite, reindriftskonfliktar og fritidsbruk står høgt oppe på dagsorden, seier professoren.

– Det kokar ned til eit verdispørsmål

– Finst det nokon fordelar med å ha kommunar med store areal?

– Dersom nærleik til natur og naturbrukarar framleis er ein forvaltningsmessig vesentleg ressurs, er forvaltninga av store areal på avstand, ein ulempe. Men kanskje berre så lenge ein reknar med at det også skal bu folk utanfor byane. Så det kokar ned til eit verdispørsmål om busetting og korleis ein ser for seg at landet skal sjå ut i framtida, avsluttar Aarsæther.

Meiner reforma hindrar sentralisering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet opplyser om at levande lokalsamfunn er eit viktig mål for kommunereforma.

– Eit mål med kommunereforma er at alle innbyggjarar skal ha gode og likeverdige tenester uansett kvar ein bur, fortel Kristin Holm Jensen, som er statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet og Holm Jensen viser vidare til at reformprosessen skal bremse sentraliseringa.

– Større og sterkare kommunar i alle delar av landet legg grunnlaget for at folk får gode tenester og gode lokalsamfunn der dei bur, og at det kan vere med på å demme opp for meir sentralisering, seier Holm Jensen.

Departementet legg og til grunn rapporten: "Langsiktige konsekvenser av kommunesammenslåinger". Den rapporten tek for seg kommunesamanslåingar i perioden 1988- 2013. Der kjem det ifølgje departementet fram at samanslåtte kommunar har opplevd svakare sentralisering av busettinga enn samanliknbare kommunar i den perioden.